Driftnerd

Pelle Pimp Hoggtann

May
13

Setet og beltet er kome

Skrive av admin

Då er setet og 4-punkts beltet kome i posten, og det ser bra ut. Så då er det berre å få skrudd det inn i bilen.

May
03

Sakte og usikkert

Skrive av admin

Har fått klint 2 strøk hammarlakk på buret, etterfulgt av (foreløbig) 1 strøk med fluoriscerande grøn. Ikkje akkurat proffesjonelt gjort, men greitt nok for ein amatør. Har også fått fjerna låsen på bakluka og erstatta denne med hurtigkoplingar.

Apr
18

Hurtigkopling x 2

Skrive av admin

Det går seint og usikkert framover. Men har fått laga til hurtigkopling til fronten i dag,
slik at eg slepp å stripse heile tida. Det endar vel med at fronten sit so godt,
at heile driten ryk skikkeleg neste gang den faktisk vert flekka av.

Satte og på ein hurtigkopling på batteriet.
Denne vert vel litt smør på flesk når eg får satt inn hovudstraumbrytaren,
men 2 er betre enn ingen?

Apr
12

Teaser 2012

Skrive av admin

Her er ein liten teaser eg har laga for 2012 sesongen.

Apr
06

Den store påskedugnaden

Skrive av admin

Eg er ekstremt nøgd no! Vi har hatt påskedugnad på Sølvi dei 2 siste dagane. Sponsor Toyota Sogn frakta Sølvi frå vinterlagring og bort til sponsor Kaupanger Bil der vi fekk låne lokale og verktøy. Fantastiske Joakim klarde å heilsveise buret på under 12 timar. Vegard retta opp og fiksa på trekkroken, og bygde om litt på fronten for å flytte intercooleren lengre bak. Petter instruerte oss alle, ribba Sølvi, klinka dei forhatte asfaltplatene og fekk på panserlåsar. Eg er evig takknemleg for all den fantastiske hjelpa eg har fått. Og stor takk til sponsor Toyota Sogn for frakt, til sponsor Kaupanger Bil AS for lån av utstyr, og til min nye sponsor Lyngrabben Kran og Fritid for sveisetråd.

Toyota Sogn fraktar Sølvi onsdag ettermiddag:

Onsdag kveld ribba vi bilen ytterligare, fjerna asfaltplater og Vegard rydda opp i ledningsnettet:

Torsdag: Petter og Joakim tek ein velfortent kvil, medan Vegard oppgraderar fronten:

Etter ein velluka oppgradering tek Vegard ein seiersdans oppe på den eine løftebukken,  i form av den klassiske “the running man”:

Fronten etter jobben:

 

Bilete frå tilpassing og sveising av bur:

Snuppa:

Apr
03

Kennethporn – 23. mars

Skrive av admin

Ein tur innom sponsor Kaupanger Bil i kveld. Tok noken småerotiske bilete av Kenneth sitt motorrom, og dei nylakka, fantastisk tøffe felgane Lenso D1r. Sikle!

Mar
25

Biletleik

Skrive av admin

Leika meg litt med bilete

Mar
25

Det går mot vår – 17. mars

Skrive av admin

Alvilde hjalp til med å få på den nye intercooleren i dag. Vi har fått buret i posten og – så no er det berre å vente på at sveisesjef Øystein får tid til ein tur oppover frå svenskegrensa.

Jan
08

Ventar på våren

Skrive av admin

Crewmedlem Alvilde hjalp til med å legge presenning under Sølvi, så ikkje altfor mykje fukt skal gjere skade.

 

Nov
05

Vinterlagring

Skrive av admin

Sponsor Ålsberg Logistics hjalp til å klakke opp vinterplatning til Sølvi. Heva frå bakken får ho det luftig og godt i understellet, og innpakka under ein presenning vert det turt og trygt. Det er meget greitt å ha ein bror med mykje lagringsplass.